Innkalla: Olaug, Jorunn, Ingjerd, Ingebjørg, Johannes og Andrea
Til stades: Olaug, Jorunn, Ingjerd, Ingebjørg, Johannes og Andrea
Andrea blei vald som møteleiar.
Andrea og Ingjerd blei valde som referentar.
1) Dato og førarbeid for årsmøte.
Vedteke: tysdag 28. mars. Stad: Stuten kafé kl.19.30
Me må sende ut innkalling til årsmøte med rekneskap og årsmelding innan 14. mars.
2) Andrea og Ingjerd skriv årsmelding.
3) Val: Formannen (eit år), kasserar (to år), skrivar (to år), nestleiar (to år) og styremedlem (Jorunn) er på val. Andrea skal informere valnemda dvs Åse Breiung Værland og Olav K. Vaaje.
4) Vedteke sosialt program på årsmøte: Olaug og Johs skal ha innslag (dikt osv.). Andrea skal spele piano og Liv Stoveland skal syngje bl.a. Åsmund O. Vinje.
Allsong: T.d. Mellom bakkar og berg, Kråkevisa osv.
5) Årsplan: Styret jobbar med det i kveld.
- Vedteke: Kulturkveld 27. april med (førebels har me spurt Rune Nilson)
Leif Hallgeir Dalen blir tildelt dialektpris 2017 på kr 5000 på kulturkvelden.
5.3 Økonomi
Rekneskapen er revidert.
Styret gjer framlegg om godtgjeringar på årsmøtet:
Køyregodtgjering: 3,50 kr/km.
Leiar: 2000 kr
Kasserar: 2000 kr
Arbeid med De e ogoskli: 2500 kr x 3 stk.
Arbeid med De e ogoskli: 1500 kr x 2stk.
Redigering av heftet: 4500 kr.
5.4 Økonomisk plan for 2017. Styret gjer framlegg om:
- å halde ein kulturkveld kvart semester.
- å gje bøker til barnehage og skule.
- å gje dialektpris på 5000 kr. Kor ofte?
5.5 Neste styremøte: Måndag 3. april kl.19 hos Ingjerd.
6) Oppfølging av nynorskklassa. Kan me gjere noko for å inspirere klassa til å fortsette vidare neste år? Vegårshei kommune har løyvd 400000 kr kvart år dei neste 4 åra. Ikkje vedteke noko ekstra gåve.
7) Årsmøte i Aust-Agder mållag 1.04 i Evje. Me vel to utsendingar til årsmøtet.