Årsmelding for Vegårshei Mållag 2016
Styret for 2016 har vore:
Leiar: Andrea Maini
Nestleiar : Olaug Hommelsgård
Kasserar: Ingebjørg E Torstveit
Skrivar : Ingjerd Myhre Bygstad
Styremedlem : Jorunn Bråten Karlsen og Johannes G. Torstveit
Varamedlem : Astrid Myhre
Årsmøte for 2016
Årsmøte for 2016 var på Stuten kafe. Utanom vanlege årsmøtesaker las Johs.G. Torstveit dikt av Olav H. Hauge, Liv Stoveland song ma. Våren og Rondane med tekst av Åsmund O. Vinje og Andrea spelte piano. Me delte ut premie til vinnarane av stilkonkurransen til Anne Myhre, Karen Ormshammer og Rune Smeland.
Styremøte i 2016
Styret har hatt 4 styremøte i 2016: 18 .januar, 26. mai, 16. august og 19. september. Utanom dette har både dialektgruppa og redaksjonen som arbeider med ”De e ogoskli” hatt sine møte. Fjesboksida til Vegårshei mållag har vore i bruk og blitt oppdatert i heile 2016.
Tilskipingar
- januar hadde me Olav H.Hauge med Øystein Rød og Arne Ivar Kjerland
Det var bra frammøte og kvelden var vellykka.
- april hadde me kulturkveld med Oddgeir Bruaset. Han presenterte upubliserte godbitar frå ‘Der ingen skulle tru at nokon kunne bu’. Stor oppslutting og god stemning.
- august deltok me på Vegårsheidagane med salsbod og konkurranse. Mange var innom, og me fekk gode tilbakemeldingar. Det var stor interesse for konkurransen med dialektord og bilde frå stader på Vegårshei. Me verva eitt nytt medlem i år óg!
- oktober arrangerte ein konsert i kyrkja med Arne Garborg-kantaten ‘Å hjelp meg du’. Desse var med: Fjære kammerkor, Liv Stoveland, Johs. G. Torstveit, Olaug E. Hommelsgård, Jorunn Myre, Dorothee Raschwitz, Anne Myhre og Johanne Tveiten. Godt frammøte og god stemning.
De e ogoskli
Arbeidet med De e ogoskli 2016 gjekk etter den oppsette planen.
Heftet for 2016 blei trykt i Estland og dette sparte vi mykje på.
Salet har vore veldig godt.
Støtte til målarbeid
I samsvar med årsmøtevedtak har Vegårshei mållag gitt Aust-Agder mållag 5000 kr og organisasjonssatsinga Mållaga på Agder 5000 kr.
Deltaking på fylkesplan
Ingjerd Myhre Bygstad og Inge Vaaje var utsendingar til fylkesårsmøtet i Aust-Agder Mållag.
Deltaking på landsmøte i Noregs mållag
Ingjerd Myhre Bygstad var utsending på landsmøte i Noregs mållag
Plan for 2017
- Arbeidsprogram for 2017
- Kulturkveld 27. april. Kåseri om dialekt og utdeling av dialektpris. Kor ofte?
- Ein kulturkveld til hausten
- De e ogoskli etter same tidsplan som i 2016.
- Deltaking på Vegårshei-dagane.
- Stiltevling for ungdomsskulen.
- Nettsida www.vegarsheimal.no